Trine Skei Grande på scenen

Kulturmelding for framtida

Det var fullt hus på Vega Scene i Oslo då kulturminister Trine Skei Grande la fram stortingsmeldinga «Kulturens kraft – Kulturpolitikk for framtida», den første kulturmeldinga på 15 år. Ho fekk følgje av statsminister Erna Solberg, som presenterte seg som ei “kulturkjerring” i midten av 50-åra og kledd i svart, – til stor latter i salen.

Solberg innleidde med å snakke om verdiar som eit berekraftig velferdssamfunn der ytringsfridom og demokrati er berebjelkane, og der kunst og kultur speler ei sentral rolle for desse.

Både Solberg og Grande er oppteken av eit inkluderande perspektiv, der “alle skal med” og kvar terskelen for deltaking i kunst og kultur må vere låg.

Erna Solberg på scenen
Kvinne på scenen
Trine Skei Grande på scenen

Barn og unge

Terskelen for at barn og unge skal kunne delta i, og oppleve kunst og kultur av høg kvalitet, vart også vektlagd av ministrane.

- Vi er veldig fornøgd med at det er eit så stort fokus på barn og unge. Både statsministeren og kulturministeren understreka viktigheita av kunst og kultur for alle barn og unge; å gi det ypparste til dei viktigaste innbyggjarane, uavhengig av foreldres økonomi og interesse. Dette er heilt i kjernen av oppdraget til Den kulturelle skulesekken, seier Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik.

Utøvar det ønskjer Holvik å trekkje fram kapittel 7 i meldinga: Digitale Moglegheiter. Her blir teknologi beskriven som ei demokratiserande kraft som gir moglegheit for auka tilgang og deltaking i kunst og kultur.

- Her blir vi alle utfordra på kreative initiativ og nye idear, og dette blir vi begeistra av og det er heilt i tråd med Kulturtankens nyskapande prosjekt, seier Holvik. Ho viser til eit samarbeid Kulturtanken har hatt med Borgarsyssel museum som er framheva i meldinga, og andre tilsvarande prosjekt rundt digitale formidlingsformer som er under utvikling i samarbeid både med teater, litteratur og det visuelle kunstfeltet.

Omslag av kulturmelding
Sitat fra bok om kultur

Danning og kultur

Kapittel 11 heiter Danning og demokratibygging, og handlar om at vi i eit demokratisk samfunn treng borgarar med kunnskap for aktiv deltaking i demokratiet. Ytringsfridommen er sentral i eit demokratisk samfinn, og kulturlivet er ein arena for ytringar som er med på å myndiggjere enkeltmenneske, og byggje demokrati.

“Danning” er også eit overordna omgrep som går igjen i meldinga. “Danning handlar mellom anna om å gjere enkeltmenneske myndige til å gjere sjølvstendige val ut frå kunnskap om og forståing av samfunnet som eit ytringsfellesskap”. Kunst og kultur bidreg til danningsprosessen til den enkelte og må derfor vere tilgjengeleg for alle, står det i meldinga.

I delkapittel 11.2 Kunst og kultur i utdanninga blir det framheva at vi må spesielt ruste opp barn og unge si evne til kritisk refleksjon. Det blir også vist til overordna del - verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, og rammeplanen for barnehage.

- Dette gir styringsfart til vidare samarbeid med skule og barnehagesektoren. Her møtest alle barn og ungdommar, og dei skal i dei neste åra jobbe med tema som livsmeistring, folkehelse, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling, seier Holvik, som også trekkjer fram fokuset ministeren hadde på ein kunnskapsbasert kulturpolitikk.

Vi er sjølvsagt veldig glad for at vi skal gå frå synsing til forsking, kunnskap og innovasjon som kapittel 12 Ein kunnskapsbasert kulturpolitikk understrekar, seier Holvik.

Det Holvik likevel saknar er eit fokus på kunstnarisk forsking.
- Dette er eit framveksande felt som vil vere del morgondagens kunst og kunstnarar i DKS, og eit perspektiv vi bør ha med oss i eit FoU-perspektiv, avsluttar Holvik.

Framleis eit nasjonalt ansvar for DKS

I tillegg til hovudmeldinga følgde utgreiingar om ansvars- og oppgåvefordeling og samisk kunst og kultur. I tilleggsrapporten Utredning av oppgave og ansvarsfordeling mellom forvaltningsnivåene på kulturområdet” blir mellom anna Den kulturelle skulesekken og Kulturtanken greidd ut ( 6.3.4 ).

Hagen-utvalet foreslo i samband med regionsreforma at ansvaret for Den kulturelle skulesekken bør overførast til fylkeskommunane. Dette forslaget blir ikkje imøtegått. Derimot understrekar rapporten at ”Kulturtanken varetek det nasjonale behovet for fellesløysingar, nettverksmøte og fagleg diskurs og samarbeid mellom kultur- og skulesektor i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Dette er oppgåver som blir rekna for å vere ansvaret til staten”, blir det konkludert med i rapporten.

Samisk kunst og kultur

Ein annan tilleggsrapport er “Utredning om samisk kunst og kultur på arenaer i Norge”, der formålet er å gi ei oversikt over kva arenaer i institusjonsfeltet som presenterer samisk kunst og kultur i dag og kartleggje kva moglegheitsrom som finst.

Her blir tilbodet beskrive av samisk kunst og kultur i DKS, og under punktet (3.6) Oppsummering og vurderingar står det mellom anna at samisk kulturliv oppnådde meir synlegheit i det offentlege rommet, og at mellom anna “Kulturtankens konferanse om samisk kunst og kultur i DKS i Karasjok i 2018 har forsterka denne synlegheita”. Vidare står det: “Kulturtanken har gjennom ei treårig satsing med fokus på det samiske i DKS bidrege til å auke fokus på samisk kunst og kultur i Den kulturelle skulesekken”.

Lenke til kulturmeldinga: https://www.regjeringen.no