Opning av Kulturtanken 6. september
Kunst og kultur – men kvifor i skulen? Dette er eit av mange spørsmål som vil bli diskutert når vi inviterer til den offisielle opninga av Kulturtanken 6. september 2017.
Blant dei inviterte gjestene er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær i Kulturdepartementet, Bård Folke Fredriksen, som deler sine tankar om betydninga av kunst og kultur i skulen. Er kunst og kultur eigentleg nødvendig for skulen i framtida? Kva rolle speler Den kulturelle skulesekken, og kva skal Kulturtanken bidra med for å styrkje kunsten og plassen til kulturen i skulen?
Dato: Onsdag 6. september 2017
Tidspunkt: Kl. 12.30 – 16.00
Sted: Lillegull (teatersal), Gullhaug torg 2, Nydalen
Arrangementet er fullbooka, men følg straumen på Kulturtankens nettside og Facebook-side!
Handprogram for dagen ser du under her: