Ny rammeavtale for Den kulturelle skulesekken
Kommunesektorens organisasjon (KS) og Musikernes fellesorganisasjon (MFO)har inngått ein rammeavtale om vilkår for oppdragstakarar i Den kulturelle skulesekken (DKS). KS tilrår medlemmene å vedta avtalen.
- Vi er glad for at partane har vorte samde om ein rammeavtale som gir føreseielege vilkår både for fylkeskommunen og kommunen som oppdragsgivar og for kunstnaren som oppdragstakar, seier direktør for arbeidsliv i KS, Tor Arne Gangsø i pressemeldinga til KS om saka.
Ikkje ein tariffavtale
Rammeavtalen er ikkje ein tariffavtale. KS tilrår derfor medlemmene å vedta avtalen og leggje den til grunn når dei skal inngå dei individuelle oppdragsavtalane i DKS.
Rammeavtalen regulerer mellom anna:
- dei økonomiske vilkåra for kunstnarar som oppdragstakarar
- rammar for oppdraget
- oppdragsgivar og oppdragstakars plikter
- immaterielle rettar
Som avgjerdsgrunnlag for fylkeskommunen/kommunen vil medlemmene om kort tid få A-rundskriv 2/2018, med ei nærare skildring av dei ulike delane i rammeavtalen.
Med atterhald om Musikernes fellesorganisasjons (MFO) vedtakelse av avtalen, gjeld den frå 1. august 2018.
Godt jobba!
- Gratulerer til partane, dette er strålande nyheiter og veldig godt jobba! Vi håpar at dette vil gi gode og føreseielege arbeidsvilkår for utøvarane i Den kulturelle skulesekken, og at alle KS-medlemmer sluttar seg til avtalen som tilrådd. Kulturtanken har vore med på initiativet og gitt si støtte til dette arbeidet fullt ut frå første dag. Som nasjonal fagetat for DKS er vi svært glade for at denne milepælen i ordninga er nådd, seier Kulturtanken-direktør Lin Holvik.
Les også utsegner frå forhandlingspartnar MFO her i Musikkultur