Kulturtanken varetek det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skulesekken (DKS). Kulturtanken er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet, som i arbeidet med DKS samarbeider med Kunnskapsdepartementet.
Kulturtanken forvaltar dei statlege midlane til DKS-ordninga, og skal bidra til å styrkje og utvikle ordninga i samarbeid med fylkeskommunar og kommunar.
Vi skal i tillegg bidra i arbeidet med barne- og ungdomskultur, og betre moglegheitene for deltakinga til barn og unge i kulturlivet.
Kva vi gjer
Tiltak for å auke samarbeid mellom kultur- og utdanningssektor
Gjennom ulike tiltak og prosjekt, arbeider Kulturtanken for å styrkje samarbeid mellom kulturfeltet og skulane.
Legg til rette for kunstmiljøa
Kulturtankens arbeid fokuserer på utvikling, nettverksbygging, rettleiing og inspirasjon for kunstnarar som ønskjer å engasjere seg i Den kulturelle skulesekken (DKS).
Forvaltning og rapportering
Kulturtanken forvaltar statlege midlar til DKS-ordninga og tilskotsordningar, og har ansvaret for oppfølginga.
Ungdomsrådet
Ungdomsrådet hjelper Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi og samarbeid mellom skule, elevar og DKS.
Meir informasjon
Fakturainformasjon
Fakturaadresse:
Kulturtanken
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746
7468 Trondheim
Kulturtanken er ei statleg verksemd. Frå 1.1.2012 er alle statlege verksemder pålagde å kreve elektronisk faktura i EHF-format, og kravet gjeld alle kjøp av varer og tenester.
Organisasjonsnummeret vårt, 974761114, er den elektroniske adressa.
Dersom du har spørsmål om elektronisk faktura eller korleis kome i gang, ta kontakt med Direktoratet for økonomistyring (som er fakturamottakaren til Kulturtanken) på e-postadressa elfak@dfo.no
Kontakt oss
Sentralbord
22 02 59 00 (kl 8-15)
E-post
post@kulturtanken.noBesøk oss
Gullhaug Torg 2B, 0484 Oslo
Postadresse
Pb. 4261 Nydalen, N 0401 OSLO